Prosjektet er utvikla av

Bykle kommune
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
postmottak@bykle.kommune.no

Prosjektet er støtta av

Om Villreinsertifikatet

Villreinen har sitt sørlegaste leveområde i Setesdal og Ryfylkeheiane. Dei fleste har kanskje aldri sett dei, for dei er sky. Fordi vi driv jakt på dei, ser dei på menneske som eit rovdyr som dei er svært redde for. Reinsdyra går helst med nasen mot vinden for å kunne lukt farar lenge før dei kan sjå dei.

Vi har ansvaret for at villreinen får leve vidare i flokkane sine, for at det blir født nye kalvar og for at dette ur-dyret har ei like lang framtid, som fortid.

Det vi har kunnskap om og kjenner til, blir vi glad i, og vernar om. Det er dette som er tanken bak villreinsertifikatet. At du skal skaffe seg kunnskap slik at du blir ein god naturven, enten du går på tur sommar eller vinter. 

Ideen kom frå Bykle kommune og det vart seinare ein del av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane sitt verdiskapingsprosjekt «Villreinfjellet som vediskapar». Agder Fylkeskommune har også vore ein bidragsytar.

Vårt ynskje er at du tek denne uhøgtidelege kunnskapstesten, gjerne saman med familie og vener. Skulle du vere så heldig å møte på villrein, veit du korleis du beste kan verne om dei slik at dei kan leve sitt nomadiske liv i tusenvis av år framover.